5 Men Herren sa til Moses: «Sei til israelittane: De er eit stivnakka folk. Om eg berre ein augneblink dreg opp saman med deg, måtte eg gjera ende på deg. Legg no smykka bort, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!»
6 Frå då av, ved fjellet Horeb, la israelittane bort smykka sine.
7 Moses brukte å ta teltet og slå det opp eit godt stykke utanfor leiren. Han kalla det teltheilagdomen. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren.
8 Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg og vart ståande ved inngangen til kvart sitt telt. Dei såg etter Moses til han var komen inn i teltet.
9 Og når Moses var komen inn i teltet, kom skysøyla ned og vart ståande ved inngangen til teltet, og han tala til Moses.
10 Når folket såg skysøyla stå ved inngangen til teltet, reiste dei seg alle saman, bøygde seg og tilbad, kvar ved si teltopning.
11 Så tala Herren med Moses, andlet til andlet, slik som menneske snakkar med kvarandre. Sidan gjekk Moses tilbake til leiren. Men tenaren hans, ein ung gut som heitte Josva, son til Nun, gjekk aldri frå teltet.