10 Då sa Herren: No vil eg gjera ei pakt. Framfor heile folket ditt vil eg gjera underfulle gjerningar som før aldri er gjorde nokon stad på jorda eller blant noko folkeslag. Heile det folket du lever blant, skal sjå kor skremmande det er, det verket som eg, Herren, vil gjera med deg.
11 Gjev akt på det eg pålegg deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, {{girgasjittane}}, perisittane, hevittane og jebusittane.
12 Ta deg i vare så du ikkje gjer ei pakt med dei som bur i det landet du kjem til, så dei ikkje fangar deg i ei felle.
13 De skal riva ned altara deira og slå sund steinstøttene, og Asjera-pålane skal de hogga ned.
14 Du skal ikkje tilbe nokon annan gud, for Herren heiter Nidkjær; han er ein nidkjær Gud.
15 Du skal ikkje gjera noka pakt med dei som bur i landet! For dei driv hor med gudane sine og ofrar til dei. Dersom dei bed deg til seg, kjem du til å eta av offera deira.
16 Tek du koner til sønene dine blant døtrene deira, så vil døtrene deira driva hor med gudane sine og få sønene dine til å driva hor med gudane deira.