17 Du må ikkje laga deg støypte gudar.
18 Du skal halda høgtida med usyra brød. Sju dagar skal du eta usyra brød, slik eg har bode deg, til fastsett tid, i månaden abib. For i månaden abib drog du ut frå Egypt.
19 Alt som opnar morslivet, høyrer meg til; alle førstefødde hanndyr i buskapen din, anten det er storfe eller småfe.
20 Alt som opnar morslivet hos esla, skal du løysa ut med eit lam. Løyser du det ikkje ut, skal du bryta nakken på det. Kvar førstefødd blant sønene dine skal du løysa ut. Ingen må visa seg tomhendt for mitt andlet.
21 Seks dagar skal du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila. Sjølv om det er tid for å pløya eller hausta, så skal du kvila.
22 Du skal halda vekefesten når du haustar inn den første kveiten, og festen for innhaustinga når året er ute.
23 Tre gonger om året skal alle mennene hos deg stiga fram for Herren, Israels Gud.