2 Hald deg klar til i morgon tidleg! Då skal du gå opp på Sinai-fjellet. Der skal du stilla deg fram for meg på toppen av fjellet.
3 Ingen må gå opp saman med deg, og ingen må visa seg på heile fjellet. Korkje småfe eller storfe må beita framfor fjellet.»
4 Så hogg Moses ut to steintavler som var like dei første. Tidleg neste morgon gjekk han opp på Sinai-fjellet, slik Herren hadde bode han, og han hadde begge steintavlene med seg.
5 Då steig Herren ned i ei sky, stilte seg opp attmed han og ropa ut namnet Herren.
6 Herren gjekk framom han og ropa: «Herren er Herren, ein mild og nådig Gud, sein til vreide og rik på miskunn og sanning!
7 Han held fast på si miskunn i tusen slektsledd og tilgjev synd, skuld og lovbrot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. For synda til fedrane straffar han born og barneborn og tredje og fjerde slektsleddet.»
8 Straks bøygde Moses seg til jorda og tilbad.