23 Tre gonger om året skal alle mennene hos deg stiga fram for Herren, Israels Gud.
24 For eg vil driva folkeslag bort for deg og utvida grensene dine. Ingen skal trå etter landet ditt medan du dreg opp for å stiga fram for Herren din Guds andlet tre gonger om året.
25 Du skal ikkje ofra blodet av slaktofferet mitt saman med noko som er syra, og offeret ved påskefesten må ikkje liggja natta over til neste morgon.
26 Det beste av førstegrøda frå jorda di skal du koma med til Herren din Guds hus. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.
27 Herren sa til Moses: «Skriv ned desse orda, for etter desse orda gjer eg ei pakt med deg og Israel.»
28 Moses var hos Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og han skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene.
29 Så gjekk Moses ned frå Sinai-fjellet; han hadde vitnemålet, dei to tavlene, i hendene då han gjekk ned frå fjellet. Moses visste ikkje at det stråla av andletet hans fordi Herren hadde tala med han.