29 Så gjekk Moses ned frå Sinai-fjellet; han hadde vitnemålet, dei to tavlene, i hendene då han gjekk ned frå fjellet. Moses visste ikkje at det stråla av andletet hans fordi Herren hadde tala med han.
30 Aron og israelittane såg at det stråla av andletet hans, og dei var redde for å koma nær han.
31 Men Moses ropa på dei, og då kom Aron og alle leiarane i forsamlinga til han, og han tala til dei.
32 Sidan kom alle israelittane til han, og Moses bar fram alle dei boda Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet.
33 Då Moses var ferdig med å tala med dei, la han eit slør over andletet sitt.
34 Men kvar gong han gjekk fram for Herrens andlet for å tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane om det som var sagt han føre.
35 Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses la sløret over andletet att til han skulle inn og tala med Herren.