1 Moses samla heile Israels forsamling og sa til dei: Dette er det Herren har bode dykk å gjera:
2 I seks dagar kan det arbeidast, men den sjuande dagen skal vera heilag for dykk. Han skal vera ein sabbat, ein kviledag for Herren. Kvar den som gjer noko arbeid på den dagen, skal døy.
3 De skal ikkje gjera opp eld i nokon av bustadene dykkar på sabbatsdagen.
4 Moses tala til heile forsamlinga i Israel: Dette er det Herren har gjeve påbod om: