15 røykjelsesaltaret med stenger, salvingsoljen, den velluktande røykjelsen og teppet framfor inngangen til bustaden,
16 brennofferaltaret med bronserista, stengene og alt som høyrer til, og fatet med understell,
17 omhenga til føregarden med søyler og soklar og teppet framfor porten til føregarden,
18 pluggane og snorene til bustaden og føregarden,
19 prestedraktene til tenesta i heilagdomen, dei heilage kleda for presten Aron og kleda for sønene hans til prestetenesta.
20 Så gjekk heile Israels forsamling bort frå Moses.
21 Og alle som kjende seg drivne til det og hadde ei villig ånd, kom fram med offergåver til Herren. Gåvene skulle brukast til arbeidet på teltheilagdomen og til all tenesta der, og til dei heilage kleda.