26 Og alle kvinner som kjende seg drivne og hadde visdom til det, spann garn av geiteragg.
27 Leiarane kom med onyks-steinar og andre steinar til å setja på efod-drakta og bryststykket,
28 og krydra balsam og olje til lampene, salvingsoljen og den velluktande røykjelsen.
29 Kvar mann og kvinne som gav av eit villig hjarte, kom fram for å gje sitt til det arbeidet som Herren gjennom Moses hadde bode dei å gjera. Slik bar israelittane fram ei frivillig offergåve til Herren.
30 Moses sa til israelittane: Sjå, Herren har valt ut Besalel, son til Uri, son til Hur frå Juda-stammen.
31 Han har fylt han med Guds ånd, med visdom, innsikt og kunnskap, og med dugleik til alle slag handverk,
32 så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv og bronse,