16 Fem av dukane skøytte dei saman for seg, og seks for seg.
17 I kanten av den ytste duken på det eine samansydde stykket sette dei femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.
18 Og dei laga femti krokar av bronse så teltet kunne festast saman til ein heilskap.
19 Deretter laga dei eit dekke av raudfarga vêrskinn til å ha over teltet, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.
20 Plankane til bustaden laga dei av akasietre. Dei stod loddrett.
21 Kvar planke var ti alner lang og ei og ei halv alen brei.
22 På kvar planke var det to tappar som var tilpassa kvarandre. Slik laga dei alle plankane til bustaden.