18 Og dei laga femti krokar av bronse så teltet kunne festast saman til ein heilskap.
19 Deretter laga dei eit dekke av raudfarga vêrskinn til å ha over teltet, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.
20 Plankane til bustaden laga dei av akasietre. Dei stod loddrett.
21 Kvar planke var ti alner lang og ei og ei halv alen brei.
22 På kvar planke var det to tappar som var tilpassa kvarandre. Slik laga dei alle plankane til bustaden.
23 Av plankane dei laga til bustaden, sette dei opp tjue på sørsida, mot sør.
24 Til dei tjue plankane laga dei førti soklar av sølv, to soklar under kvar planke til å festa dei to tappane i.