2 Så kalla Moses på Besalel og Oholiab og på alle dei kloke mennene som Herren hadde gjeve visdom i hjartet, alle som kjende seg drivne til å ta fatt på arbeidet og fullføra det.
3 Av Moses fekk dei alle offergåvene som israelittane hadde kome med til arbeidet og tenesta i heilagdomen. Men morgon etter morgon heldt folket fram med å koma med frivillige gåver.
4 Då kom alle som hadde visdom til å gjera alt arbeidet på heilagdomen, kvar frå sitt arbeid,
5 og sa til Moses: «Folket kjem med meir enn det som er naudsynt for å utføra det arbeidet som Herren har pålagt oss.»
6 Då baud Moses at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, korkje mann eller kvinne, skal leggja meir arbeid i offergåva til heilagdomen.» Slik vart folket hindra i å koma med meir.
7 Det dei hadde gjeve, var nok til å få arbeidet gjort, ja, meir enn nok.
8 Alle som hadde visdom i hjartet til dette arbeidet, laga no bustaden av ti teltdukar. Dei var av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. I dukane var det vove inn kjerubar i kunstvevnad.