22 På kvar planke var det to tappar som var tilpassa kvarandre. Slik laga dei alle plankane til bustaden.
23 Av plankane dei laga til bustaden, sette dei opp tjue på sørsida, mot sør.
24 Til dei tjue plankane laga dei førti soklar av sølv, to soklar under kvar planke til å festa dei to tappane i.
25 På den andre sida av bustaden, på nordsida, laga dei òg tjue plankar
26 med førti soklar av sølv, to under kvar planke.
27 Til baksida av bustaden, mot vest, laga dei seks plankar,
28 og i tillegg to plankar, ein til kvart hjørne på baksida av bustaden.