4 Då kom alle som hadde visdom til å gjera alt arbeidet på heilagdomen, kvar frå sitt arbeid,
5 og sa til Moses: «Folket kjem med meir enn det som er naudsynt for å utføra det arbeidet som Herren har pålagt oss.»
6 Då baud Moses at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, korkje mann eller kvinne, skal leggja meir arbeid i offergåva til heilagdomen.» Slik vart folket hindra i å koma med meir.
7 Det dei hadde gjeve, var nok til å få arbeidet gjort, ja, meir enn nok.
8 Alle som hadde visdom i hjartet til dette arbeidet, laga no bustaden av ti teltdukar. Dei var av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. I dukane var det vove inn kjerubar i kunstvevnad.
9 Kvar duk var tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane hadde same mål.
10 Fem av dukane skøytte dei saman, den eine med den andre, og like eins dei andre fem dukane.