9 Kvar duk var tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane hadde same mål.
10 Fem av dukane skøytte dei saman, den eine med den andre, og like eins dei andre fem dukane.
11 Langs kanten av den duken som var ytst på det eine ihopskøytte stykket, laga dei purpurblå hemper, og like eins langs kanten av den ytste duken på det andre stykket.
12 Femti hemper laga dei på den eine duken og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene sat rett imot kvarandre.
13 Og dei laga femti krokar av gull. Med dei hekta dei dukane saman så bustaden vart ein heilskap.
14 Dei laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar laga dei.
15 Kvar duk var tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane hadde same mål.