14 Ringane sat tett inntil lista. Dei var haldarar for stengene som var til å bera bordet med.
15 Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull. Med dei skulle bordet berast.
16 Av reint gull laga han utstyret til bordet: fat og skåler, bollar og kanner til drikkofferet.
17 Han laga lysestaken av reint gull. Lysestaken med fot og stamme og skålene med knoppar og blomar vart hamra ut av eitt stykke.
18 Seks armar gjekk ut frå lysestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.
19 På den første armen var det tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom, på den neste armen tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom. Slik var det på alle dei seks armane som gjekk ut frå lysestaken.
20 På sjølve staken var det fire mandelforma skåler med knoppar og blomar.