16 Av reint gull laga han utstyret til bordet: fat og skåler, bollar og kanner til drikkofferet.
17 Han laga lysestaken av reint gull. Lysestaken med fot og stamme og skålene med knoppar og blomar vart hamra ut av eitt stykke.
18 Seks armar gjekk ut frå lysestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.
19 På den første armen var det tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom, på den neste armen tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom. Slik var det på alle dei seks armane som gjekk ut frå lysestaken.
20 På sjølve staken var det fire mandelforma skåler med knoppar og blomar.
21 Det var ein knopp under det første armparet, ein under det andre og ein under det tredje, det vil seia under alle dei seks armane som gjekk ut frå lysestaken.
22 Knoppane og armane gjekk i eitt med staken. Det heile var hamra ut av eitt stykke reint gull.