3 Han støypte fire gullringar til dei fire hjørna, to ringar på den eine sida og to ringar på den andre sida.
4 Så laga han berestenger av akasietre, kledde dei med gull
5 og stakk stengene inn i ringane på begge sider slik at kista kunne berast.
6 Han laga ein soningsstad av reint gull, to og ei halv alen langt og ei og ei halv alen breitt.
7 På kvar side av soningsstaden laga han to kjerubar av hamra gull,
8 ein kjerub på den eine sida og ein på den andre sida. Han laga dei slik at dei gjekk i eitt med soningsstaden frå begge endar.
9 Kjerubane lyfte vengene og breidde dei utover slik at dei dekte soningsstaden. Kjerubane var vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.