9 Kjerubane lyfte vengene og breidde dei utover slik at dei dekte soningsstaden. Kjerubane var vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.
10 Bordet laga han av akasietre, to alner langt, ei alen breitt og ei og ei halv alen høgt.
11 Han kledde det med reint gull og laga ein gullkant rundt det.
12 Så laga han ei list til bordet. Ho var ei handsbreidd tjukk og gjekk heilt rundt. Rundt lista laga han ein gullkant.
13 Han støypte fire gullringar til bordet og sette ringane på dei fire hjørna ved dei fire føtene.
14 Ringane sat tett inntil lista. Dei var haldarar for stengene som var til å bera bordet med.
15 Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull. Med dei skulle bordet berast.