1 Så laga Besalel brennofferaltaret av akasietre, fem alner langt og fem alner breitt. Det var firkanta og tre alner høgt.
2 På kvart av dei fire hjørna laga han eit horn, og horna gjekk i eitt med altaret. Han kledde det med bronse.
3 Så laga han alt utstyret til altaret: fata, eldskuffene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alt dette utstyret laga han av bronse.
4 Han laga òg ei rist til altaret, ein bronsenetting, og la henne nedst under kanten, slik at ho nådde midt opp på altaret.
5 Og han støypte fire ringar til å stikka stengene igjennom, ein for kvart av dei fire hjørna av bronserista.
6 Han laga berestenger av akasietre og kledde dei med bronse.