20 Alle pluggane til bustaden og føregarden rundt han var av bronse.
21 Her er rekneskapen for bustaden – vitnemålsbustaden. Moses baud levittane setja bustaden opp, og Itamar, son til presten Aron, leidde arbeidet.
22 Besalel, son til Uri, son til Hur frå Juda-stammen, hadde gjort alt det som Herren hadde pålagt Moses.
23 Saman med han var Oholiab, son til Ahisamak frå Dan-stammen. Han var dugande i alt slag handverk og kunstnarleg arbeid og til å veva i farga garn og fint lin, i purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt.
24 Alt gullet som vart brukt til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, det gullet som var gjeve som svingeoffer, var 29 talentar og 730 sjekel etter vekta i heilagdomen.
25 Og sølvet som kom inn då dei heldt manntal i forsamlinga, var 100 talentar og 1775 sjekel etter vekta i heilagdomen,
26 ein beka per hovud, det vil seia ein halv sjekel etter vekta i heilagdomen for alle som vart talde, frå tjueårsalderen og oppover, og det var 603 550 mann.