27 Dei hundre talentane med sølv vart brukte til å støypa soklane til heilagdomen og soklane til forhenget, hundre talentar til hundre soklar, ein talent til kvar sokkel.
28 Og dei 1775 sjekel brukte dei til hakane på søylene, til å kle søylehovuda og til å setja band på dei.
29 Bronsen som vart gjeven som svingeoffer, var 70 talentar og 2400 sjekel.
30 Av den laga dei soklane ved inngangen til teltheilagdomen, bronsealtaret med bronserista som høyrde til, og alt utstyret til altaret,
31 soklane rundt føregarden og soklane til porten inn til føregarden, alle pluggane til bustaden og føregarden rundt han.