1 Av det purpurblå, purpurraude og karmosinraude stoffet laga dei prestedrakta til tenesta i heilagdomen. Dei laga dei heilage kleda til Aron, slik som Herren hadde bode Moses å gjera.
2 Efod-drakta laga dei av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin.
3 Gullet hamra dei ut i plater og skar det opp til tråd, så det kunne vevast inn i det purpurblå, purpurraude og karmosinraude stoffet og i det fine linet, alt i kunstvevnad.
4 Til efod-drakta laga dei aksleband som var feste i hjørna og heldt henne i hop.
5 Beltet som sat fast på efoden, gjekk i eitt med drakta. Det var òg vove av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn og fint, tvinna lin, slik Herren hadde bode Moses.
6 Dei sette onyks-steinane i innfatningar av gull. På steinane var namna til Israels søner graverte inn, som i eit signet.
7 Dei sette dei på akslebanda til efoden. Dei skulle minna om Israels søner, slik Herren hadde bode Moses.