11 i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant,
12 i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst
13 og i den fjerde rada ein krysolitt, ein onyks og ein jade. Dei vart sette inn i innfatningar av gull.
14 Dei tolv steinane bar namna på Israels søner, ein for kvart namn. På kvar stein var namnet på ein av dei tolv stammane gravert inn, slik som i eit signet.
15 Til bryststykket laga dei kjeder av reint gull. Dei var fletta slik ein flettar snorer.
16 Dei laga òg to innfatningar og to ringar av gull. Ringane sette dei i kvart sitt hjørne av bryststykket.
17 Dei to gullsnorene feste dei i dei to ringane i hjørna på bryststykket.