20 Så laga dei endå to gullringar og sette dei nedst på dei to akslebanda, på framsida ved saumen over beltet på efoden.
21 Ringane på bryststykket batt dei til ringane på efod-drakta med ei purpurblå snor, slik at bryststykket vart sitjande over beltet og ikkje kunne losna frå drakta, slik Herren hadde bode Moses.
22 Kappa som høyrer til efod-drakta, var voven i einsfarga, purpurblått stoff.
23 Midt på kappa var det ei opning som på ei brynje, og rundt opninga var det ein kant, slik at ho ikkje kunne rivna.
24 Nedst rundt kappekanten sette dei granateple av tvinna purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn.
25 Dei laga også bjøller av reint gull og sette dei mellom granatepla rundt heile kappekanten.
26 Ei bjølle og eit granateple, ei bjølle og eit granateple rundt heile kanten av kappa som skulle brukast i tenesta, slik Herren hadde bode Moses.