22 Kappa som høyrer til efod-drakta, var voven i einsfarga, purpurblått stoff.
23 Midt på kappa var det ei opning som på ei brynje, og rundt opninga var det ein kant, slik at ho ikkje kunne rivna.
24 Nedst rundt kappekanten sette dei granateple av tvinna purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn.
25 Dei laga også bjøller av reint gull og sette dei mellom granatepla rundt heile kappekanten.
26 Ei bjølle og eit granateple, ei bjølle og eit granateple rundt heile kanten av kappa som skulle brukast i tenesta, slik Herren hadde bode Moses.
27 Til Aron og sønene hans laga dei òg kjortlar vovne av fint lin,
28 ein turban av fint lin, pynta turbanar av fint lin, bukser av fint, tvinna lin