29 og eit belte av fint, tvinna lin, i purpurblå, purpurraud og karmosinraud farga vevnad, slik Herren hadde bode Moses.
30 Dei laga ei plate av reint gull. Det var det heilage diademet. På den skreiv dei, slik ein graverer inn i eit signet: «Helga til Herren».
31 Dei sette ei purpurblå snor på plata og feste henne oppe på turbanen, slik Herren hadde bode Moses.
32 Såleis vart alt arbeidet fullført på bustaden, teltheilagdomen. Israelittane gjorde alt slik som Herren hadde bode Moses.
33 Og dei kom med bustaden til Moses: teltet med alt utstyret som høyrde til, krokane, plankane, tverrstengene, søylene, soklane,
34 dekket av raudfarga vêrskinn, dekket av fingarva skinn, forhengsteppet,
35 kista med vitnemålet og berestengene, soningsloket,