31 Dei sette ei purpurblå snor på plata og feste henne oppe på turbanen, slik Herren hadde bode Moses.
32 Såleis vart alt arbeidet fullført på bustaden, teltheilagdomen. Israelittane gjorde alt slik som Herren hadde bode Moses.
33 Og dei kom med bustaden til Moses: teltet med alt utstyret som høyrde til, krokane, plankane, tverrstengene, søylene, soklane,
34 dekket av raudfarga vêrskinn, dekket av fingarva skinn, forhengsteppet,
35 kista med vitnemålet og berestengene, soningsloket,
36 bordet med alt som høyrde til, skodebrøda,
37 lysestaken av reint gull med lamper som skulle setjast i rad, og alt som høyrde til, oljen til lampene,