4 Til efod-drakta laga dei aksleband som var feste i hjørna og heldt henne i hop.
5 Beltet som sat fast på efoden, gjekk i eitt med drakta. Det var òg vove av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn og fint, tvinna lin, slik Herren hadde bode Moses.
6 Dei sette onyks-steinane i innfatningar av gull. På steinane var namna til Israels søner graverte inn, som i eit signet.
7 Dei sette dei på akslebanda til efoden. Dei skulle minna om Israels søner, slik Herren hadde bode Moses.
8 Dei laga bryststykket i kunstvevnad, på same måten som efod-drakta. Det var av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin.
9 Bryststykket var firkanta og bretta dobbelt. Det var eitt fingerspenn langt og eitt fingerspenn breitt når det var lagt dobbelt.
10 Dei sette fire rader med steinar på det. I den eine rada var det ein rubin, ein topas og ein smaragd,