1 Moses svara: «Men enn om dei ikkje trur meg og ikkje høyrer på meg, men seier: Herren har ikkje synt seg for deg.»
2 Herren sa til han: «Kva har du i handa?» «Ein stav», svara han.
3 «Kast han på jorda!» sa han. Og Moses kasta staven på jorda. Då vart staven til ein slange, og Moses rømde for han.
4 Herren sa til Moses: «Rett ut handa og grip han i sporden!» Så rette han ut handa og greip han, og slangen vart til ein stav i handa hans.
5 «Dette er for at dei skal tru at Herren, deira fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har synt seg for deg.»
6 Og Herren heldt fram: «Stikk handa inn på brystet!» Han stakk handa inn på brystet og drog henne ut att. Og sjå, handa hadde fått kvite flekker, liksom snø.