10 Men Moses sa til Herren: «Høyr, Herre! Eg har aldri vore ein mann av ord, korkje før eller no, etter at du byrja å tala til tenaren din. Sein er min munn, og sein er mi tunge.»
11 Då sa Herren: «Kven gjev mennesket munn? Kven gjer stum eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren?
12 Gå no! Eg skal vera med din munn og læra deg kva du skal seia.»
13 Men han sa: «Høyr, Herre! Send heller ein annan!»
14 Då vart Herren brennande harm på Moses og sa: «Har du ikkje bror din Aron, levitten? Eg veit at han er god til å tala. Han er alt på veg for å møta deg, og han blir glad av heile sitt hjarte over å sjå deg.
15 Tal med han og legg orda i munnen på han. Så skal eg vera med din munn og hans munn og læra dykk kva de skal gjera.
16 Han skal tala til folket for deg. Han skal vera som ein munn for deg, og du skal vera som Gud for han.