14 Då vart Herren brennande harm på Moses og sa: «Har du ikkje bror din Aron, levitten? Eg veit at han er god til å tala. Han er alt på veg for å møta deg, og han blir glad av heile sitt hjarte over å sjå deg.
15 Tal med han og legg orda i munnen på han. Så skal eg vera med din munn og hans munn og læra dykk kva de skal gjera.
16 Han skal tala til folket for deg. Han skal vera som ein munn for deg, og du skal vera som Gud for han.
17 Ta denne staven i handa. Med den skal du gjera teikna!»
18 Moses gjekk tilbake til Jetro, svigerfar sin, og sa til han: «Eg vil bryta opp og dra til landsmennene mine i Egypt og sjå om dei enno lever.» Og Jetro sa til Moses: «Gå med fred!»
19 Herren sa til Moses i Midjan: «Bryt opp og dra tilbake til Egypt! For no er dei døde alle dei som ville drepa deg.»
20 Så tok Moses kona si og sønene sine og sette dei på eit esel og vende attende til Egypt. Og Moses tok gudsstaven i handa.