19 Herren sa til Moses i Midjan: «Bryt opp og dra tilbake til Egypt! For no er dei døde alle dei som ville drepa deg.»
20 Så tok Moses kona si og sønene sine og sette dei på eit esel og vende attende til Egypt. Og Moses tok gudsstaven i handa.
21 Då sa Herren til Moses: «Når du kjem tilbake til Egypt, sjå då til at du gjer alle dei undera for farao som eg har lagt i di hand. Men eg vil gjera hjartet hans ubøyeleg, så han ikkje lèt folket fara.
22 Du skal seia til farao: Så seier Herren: Israel er min førstefødde son.
23 Eg seier til deg: Lat son min fara, så han kan tilbe meg! Men nektar du han å fara, sjå, då vil eg drepa den førstefødde son din.»
24 Medan Moses var på veg og hadde søkt ly for natta, møtte Herren han og ville drepa han.
25 Sippora tok då ein kvass stein og skar av forhuda på son sin og rørte ved føtene hans. Ho sa: «Du er blodbrudgomen min.»