25 Sippora tok då ein kvass stein og skar av forhuda på son sin og rørte ved føtene hans. Ho sa: «Du er blodbrudgomen min.»
26 Då lét Herren han vera. Ho sa «ein blodbrudgom» på grunn av omskjeringa.
27 Herren sa til Aron: «Gå og møt Moses i ørkenen!» Han gjekk av stad og møtte Moses ved Guds fjell, og han kyste han.
28 Moses fortalde Aron om alle dei ord som Herren hadde sendt han med, og alle dei teikn han hadde sett han til å gjera.
29 Så gjekk Moses og Aron og samla alle dei eldste blant israelittane.
30 Aron sa fram alle dei orda som Herren hadde tala til Moses, og han gjorde teikna framfor auga på folket.
31 Og folket trudde. Då dei høyrde at Herren hadde halde auge med israelittane og sett at dei vart plaga, bøygde dei seg til jorda og tilbad.