4 Herren sa til Moses: «Rett ut handa og grip han i sporden!» Så rette han ut handa og greip han, og slangen vart til ein stav i handa hans.
5 «Dette er for at dei skal tru at Herren, deira fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har synt seg for deg.»
6 Og Herren heldt fram: «Stikk handa inn på brystet!» Han stakk handa inn på brystet og drog henne ut att. Og sjå, handa hadde fått kvite flekker, liksom snø.
7 Då sa Herren: «Stikk handa inn på brystet ein gong til!» Moses stakk handa inn på brystet, og han drog henne ut, og sjå, huda var som elles på kroppen.
8 «Om dei ikkje trur deg og ikkje lyder ved det første teiknet, så vil dei tru etter det andre.
9 Men trur dei ikkje etter nokon av desse to teikna, og høyrer dei ikkje på deg, så skal du ta vatn frå Nilen og hella det ut over tørre marka. Og vatnet du tek frå Nilen, skal bli til blod på marka.»
10 Men Moses sa til Herren: «Høyr, Herre! Eg har aldri vore ein mann av ord, korkje før eller no, etter at du byrja å tala til tenaren din. Sein er min munn, og sein er mi tunge.»