22 Han sette bordet inn i teltheilagdomen, på nordsida av bustaden, utanfor forhenget.
23 På det la han brøda til rette for Herrens andlet, slik som Herren hadde bode Moses.
24 Lysestaken sette han i teltheilagdomen rett imot bordet, på sørsida av bustaden.
25 Lampene sette han opp for Herrens andlet, slik som Herren hadde bode Moses.
26 Det gullkledde altaret sette han òg i teltheilagdomen, framfor forhenget.
27 Han brende velluktande røykjelse på det, slik som Herren hadde bode Moses.
28 Så hengde Moses opp teppet framfor inngangen til bustaden.