30 Vaskefatet sette han mellom teltheilagdomen og altaret, og han helte vatn i det til å vaska seg med.
31 I det vaska Moses og Aron og sønene hans hendene og føtene.
32 Dei vaska seg når dei skulle gå inn i teltheilagdomen, og når dei skulle stiga fram for altaret, slik som Herren hadde bode Moses.
33 Så laga han til føregarden rundt bustaden og altaret, og han hengde teppet opp framfor porten til føregarden. Slik fullførte Moses arbeidet.
34 Så dekte skya teltheilagdomen, og Herrens herlegdom fylte bustaden.
35 Moses kunne ikkje gå inn i teltheilagdomen, fordi skya hadde teke bustad over teltet og Herrens herlegdom fylte bustaden.
36 Kvar gong skya lyfte seg frå bustaden, braut israelittane opp og heldt fram med si vandring.