10 Då gjekk slavedrivarane og oppsynsmennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm.
11 Gå sjølve og hent halm kvar helst de finn! Men det blir ikkje skore ned på arbeidsmengda.»
12 Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka strå til halm.
13 Slavedrivarane pressa på og sa: «Gjer arbeidet dykkar ferdig, fullt dagsverk kvar dag, som då de fekk halm!»
14 Og dei vart slegne, dei oppsynsmennene som slavedrivarane til farao hadde sett over israelittane. Slavedrivarane sa: «Kvifor har de verken i går eller i dag fått ferdig den fastsette mengda med murstein, slik som før?»
15 Då gjekk dei israelittiske oppsynsmennene og ropa til farao: «Kvifor gjer du dette mot tenarane dine?
16 Tenarane dine får ikkje halm, likevel seier dei til oss: Lag murstein! Sjå, tenarane dine blir slegne, og det er ditt folk som har skulda.»