20 Då dei kom ut frå farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei.
21 Dei sa til dei: «Måtte Herren sjå dykk og dømma dykk, for de har gjort oss fråstøytande i auga til farao og tenarane hans. De har lagt sverd i handa på dei så dei kan drepa oss.»
22 Då vende Moses seg på nytt til Herren og sa: «Herre, kvifor har du handla vondt mot dette folket? Kvifor har du sendt meg?
23 Frå den stund eg gjekk til farao for å tala i ditt namn, har han mishandla folket. Og du har ikkje gjort noko for å fria folket ditt ut!»