4 Då sa egyptarkongen til dei: «Moses og Aron, kvifor vil de halda folket borte frå pliktene? Gå tilbake til arbeidet dykkar!»
5 Så sa farao: «Sjå kor talrikt folket har vorte i landet no. Og så vil de få dei til å leggja ned arbeidet!»
6 Same dagen gav farao dette påbodet til slavedrivarane og oppsynsmennene for folket:
7 «Heretter skal de ikkje gje folket halm til å laga murstein med, slik som før. Dei skal sjølve gå og sanka halm.
8 Men de skal påleggja dei å laga same mengd med murstein som før og ikkje skjera ned. For dei er late, difor skrik dei: Lat oss dra og ofra til vår Gud!
9 Legg tungt arbeid på mennene, så dei har nok å gjera og ikkje får tid til løgnaktig snakk!»
10 Då gjekk slavedrivarane og oppsynsmennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm.