6 Same dagen gav farao dette påbodet til slavedrivarane og oppsynsmennene for folket:
7 «Heretter skal de ikkje gje folket halm til å laga murstein med, slik som før. Dei skal sjølve gå og sanka halm.
8 Men de skal påleggja dei å laga same mengd med murstein som før og ikkje skjera ned. For dei er late, difor skrik dei: Lat oss dra og ofra til vår Gud!
9 Legg tungt arbeid på mennene, så dei har nok å gjera og ikkje får tid til løgnaktig snakk!»
10 Då gjekk slavedrivarane og oppsynsmennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm.
11 Gå sjølve og hent halm kvar helst de finn! Men det blir ikkje skore ned på arbeidsmengda.»
12 Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka strå til halm.