2 Gud tala til Moses og sa: «Eg er Herren.
3 Eg synte meg for Abraham, for Isak og for Jakob som Gud, Den veldige, men under namnet mitt Herren var eg ikkje kjend for dei.
4 Og eg oppretta mi pakt med dei for å gje dei landet Kanaan, det landet dei budde i som innflyttarar.
5 Eg har òg høyrt korleis israelittane stønnar fordi egyptarane har gjort dei til slavar, og eg kjem i hug pakta mi.
6 Sei difor til israelittane: Eg er Herren. Eg vil føra dykk bort frå tvangsarbeidet i Egypt og fria dykk frå slaveriet. Eg vil fria dykk ut med utstrekt arm og med store straffedommar.
7 Eg vil ta dykk til mitt folk og vera dykkar Gud. Då skal de kjenna at eg er Herren dykkar Gud, som fører dykk bort frå tvangsarbeidet i Egypt.
8 Og eg vil føra dykk til det landet som eg med lyft hand lova Abraham, Isak og Jakob. Eg vil gje dykk det til eige. Eg er Herren.»