20 Amram tok Jokebed, tanta si, til kone. Ho fødde han Aron og Moses. Amram vart 137 år gammal.
21 Sønene til Jishar var Korah, Nefeg og Sikri.
22 Sønene til Ussiel var Misjael, Elsafan og Sitri.
23 Aron tok Elisjeba til kone. Ho var dotter til Amminadab og syster til Nahsjon. Ho fødde han Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.
24 Sønene til Korah var Assir, Elkana og Abiasaf. Det er slektene til Korah.
25 Elasar, son til Aron, tok ei av døtrene åt Putiel til kone. Ho fødde han Pinhas. Dette er leiarane for familiane til levittane, slekt for slekt.
26 Det var til Aron og Moses Herren sa: «Før israelittane ut frå Egypt, flokk for flokk!»