7 Eg vil ta dykk til mitt folk og vera dykkar Gud. Då skal de kjenna at eg er Herren dykkar Gud, som fører dykk bort frå tvangsarbeidet i Egypt.
8 Og eg vil føra dykk til det landet som eg med lyft hand lova Abraham, Isak og Jakob. Eg vil gje dykk det til eige. Eg er Herren.»
9 Slik tala Moses til israelittane. Men dei høyrde ikkje på Moses, for dei var motlause på grunn av det harde arbeidet.
10 Då sa Herren til Moses:
11 «Gå og sei til farao, kongen i Egypt, at han skal la israelittane få dra ut frå landet.»
12 Men Moses svara for Herrens andlet: «Sjå, israelittane høyrer ikkje på meg. Kvifor skulle då farao høyra på meg, eg som har uomskorne lepper?»
13 Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, kongen i Egypt, med bod om at Israels folk skulle førast ut frå Egypt.