1 Herren sa til Moses: «Sjå, eg lèt deg vera som Gud for farao, og Aron, bror din, skal vera profeten din.
2 Du skal seia alt det eg byd deg, og Aron, bror din, skal seia det til farao, så han lèt israelittane dra frå landet.
3 Eg vil gjera farao hard i hjartet. Eg vil gjera mange teikn og under i Egypt,
4 men farao kjem likevel ikkje til å høyra på dykk. Då vil eg leggja mi hand på Egypt og føra flokkane mine, mitt folk israelittane, ut frå Egypt med store straffedommar.
5 Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg retter handa ut over Egypt og fører israelittane bort frå dei.»
6 Så gjorde Moses og Aron dette, dei gjorde som Herren hadde bode dei.
7 Moses var 80 år gammal og Aron 83 år gammal då dei snakka med farao.