17 Så seier Herren: Ved dette skal du vita at eg er Herren: Sjå, eg slår på vatnet i Nilen med staven eg har i handa, og det skal bli til blod.
18 Fisken i Nilen skal døy, og elva skal stinka så egyptarane ikkje kan drikka elvevatnet.»
19 Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Ta staven din og rett handa ut over vatnet i Egypt, over elvane og kanalane og innsjøane, over alle vassmagasina, så skal vatnet bli til blod. Og det skal vera blod i heile Egypt, jamvel i trekar og steinkar.»
20 Moses og Aron gjorde som Herren hadde bode dei. Han lyfte staven og slo på vatnet i Nilen for auga på farao og mennene hans, og alt vatnet i elva vart til blod.
21 Fisken i Nilen døydde, og elva stinka slik at egyptarane ikkje kunne drikka elvevatnet. Det var blod i heile Egypt.
22 Men dei egyptiske magikarane gjorde det same med sine løyndomsfulle kunster, og farao var ubøyeleg i sitt hjarte. Han ville ikkje høyra på dei, slik som Herren hadde sagt.
23 Farao snudde seg og gjekk heim. Heller ikkje dette la han seg på hjartet.