3 Eg vil gjera farao hard i hjartet. Eg vil gjera mange teikn og under i Egypt,
4 men farao kjem likevel ikkje til å høyra på dykk. Då vil eg leggja mi hand på Egypt og føra flokkane mine, mitt folk israelittane, ut frå Egypt med store straffedommar.
5 Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg retter handa ut over Egypt og fører israelittane bort frå dei.»
6 Så gjorde Moses og Aron dette, dei gjorde som Herren hadde bode dei.
7 Moses var 80 år gammal og Aron 83 år gammal då dei snakka med farao.
8 Herren sa til Moses og Aron:
9 «Når farao seier til dykk at de skal gjera eit under, skal du seia til Aron: Ta staven din og kast han framfor farao. Han skal bli til ein stor slange!»