12 Så gjekk Moses og Aron ut frå farao. Og Moses ropa til Herren om froskane som han hadde sendt mot farao.
13 Herren gjorde som Moses hadde sagt, og froskane døydde i husa, på gardsplassane og ute på markene.
14 Dei vart kasta saman i dunge på dunge, og heile landet stinka.
15 Men då farao merka at stanken letna, gjorde han seg hard i hjartet og høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt.
16 Då sa Herren til Moses: «Sei til Aron: Rett ut staven din og slå i støvet på jorda, så skal det bli til lus i heile Egypt!»
17 Det gjorde dei. Aron rette ut handa og slo med staven i støvet på jorda, og det kom lus på menneske og dyr. Alt støvet på jorda vart til lus i heile Egypt.
18 Med sine løyndomsfulle kunster prøvde magikarane òg å få fram lus, men det greidde dei ikkje. Lusa vart sitjande på både menneske og dyr.