28 Då sa farao: «Eg lèt dykk gå så de kan ofra til Herren dykkar Gud i ørkenen. Men de må ikkje dra for langt bort. Gå i forbøn for meg!»
29 Moses svara: «No går eg bort frå deg og går i forbøn hos Herren. I morgon skal insektsvermane vera borte frå farao og tenarane hans og folket hans. Men farao må ikkje narra oss ein gong til, men la folket dra, så dei kan ofra til Herren.»
30 Så gjekk Moses bort frå farao, og han gjekk i forbøn hos Herren.
31 Og Herren gjorde slik Moses hadde sagt. Insektsvermane vart borte frå farao og tenarane hans og folket hans, ikkje éin vart att.
32 Men også denne gongen gjorde farao seg hard i hjartet, og han lét ikkje folket dra.