1 Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!
2 Men om du nektar dei å dra og framleis held dei att,
3 skal Herrens hand koma over buskapen din på marka med ein forferdeleg pest, både over hestane, esla, kamelane, storfeet og småfeet.
4 Herren skal skilja mellom buskapen til israelittane og buskapen til egyptarane; ikkje noko av det som høyrer israelittane til, skal døy.»
5 Og Herren fastsette ei tid og sa: «I morgon skal Herren setja dette i verk i landet.»
6 Dagen etter sette Herren dette i verk, og heile buskapen til egyptarane døydde. Men av buskapen til israelittane døydde det ikkje eit einaste dyr.